Artikkel fra Grenda sept. 2008
Økologisk mat for betre helse
Mange som kjem til legen med plager i mageregionen, blir ikkje ein gong spurd om kva dei har ete. Kinesolog Eli Kvalvågnes meiner at kosthaldet er så grunnleggjande, at mykje av helseplagene må sjåast i samanheng med dette.
– Mange helseplager og legebesøk kunne vore unngått dersom folk hadde hatt meir kunnskap om si eiga kvardagshelse, meiner kinesolog Eli Kvalvågnes.
Grasrotrevolusjonen for betre helse som ho har satt i gang, har ført til stor interesse og mange besøkjande på Snikkeriet i samband med møtet ho heldt føregåande fredag.
– Folk er interessert i å læra seg meir om sin eigen helse, men tilgangen på opplysningar om denne er svært avgrensa. I vår tid er det diverre blitt slik at legar har hatt monopol på kunnskap om helsa vår, medan grasrotkunnskap og alternativ medisin ofte blir latterleggjort og avfeia som kvakksalveri, seier helseentusiasten.
Kvalvågnes ynskjer å bidra til å opplysa folket om primær kvardagshelse. Målet er sjølvsagt ikkje å overta legane sin jobb, og alle meir alvorlege sjukdommar krev uansett legebesøk. Men kinesologen trur at meir kunnskap blant folk om deira eiga helse, vil kunne bidra til at ein lettare kan skilja influensa o.l. frå ein meir alvorleg sjukdom, og i neste omgang kjenna meir til både korleis ein kan kurera seg sjølv og korleis ein kan byggja opp immunforsvaret for å halde seg friskare. Derigjennom kan også helsekøar og sjukemeldingar reduserast og samfunnet spara mykje ressursar.
– Mange viktige prosessar byrjar i mage– og tarmregionen. Maten ein et påverkar resten av kroppen, og nyra og levera sin reinsingsfunksjon er veldig vesentleg. Mykje dårleg mat vil kunne redusera desse funksjonane, fortel Kvalvågnes.
Økologisk mat på menyen
– Noko som karakteriserar måltid i vår tid, er eit altfor stort syreinnhald. Syreopphoping i kroppen vil kunna føra til at prosessar stoppar opp, og at ein blir stiv i og får verk. Den basiske balansen blir nedriven, då for mykje syre vil tæra på kalkreservene i kroppen vår. Det er viktig at syre/ base-innhaldet er i orden, slik at dei held kvarandre nøytrale, noko som diverre er vanskeleg å få til slik våre måltid er sette i saman.
Kvalvågnes fortel at det er fleire ting som må til før ein får eit balansert kosthald. For det fyrste er det viktig med tilførsel av basiske stoff som kalsium og magnesium og ulike sporstoff. Men minst like viktig er det å redusera inntak av for mykje syre.
– Rødt kjøtt, sukker, svart te og kaffi, brus og snop er døme på produkt med høgt syreinnhald. Men òg grønsaker, som i utgangspunktet er nøytral eller basisk, kan bli syrleg etter handsaming med kunstgjødsel, sprøyting og overflatehandsaming. Økologiske produkt unngår desse prosessane. Difor er desse produkta sunnare og meir vitale, fortel Kvalvågnes.
Naturhuset Snikkeriet A/S, som kinesologen eig og har sitt daglege virke på, byrjar no å innføre økologisk mat på menyen. Ein eigen økologisk meny er på trappa, der alt frå ingrediensane i bakverk til vinen er dyrka fram på ein naturleg måte utan tilsetjingar av kunstgjødsel,sprøytemiddel og andre skadelege stoff.
– Det er framleis altfor dårleg tilgang på økologiske produkt i Norge, og desse produkta er framleis altfor dyre. Folk flest vel då dei rimelegare, uøkologiske produkta, til tross for at vitamin – og mineralinnhalda i desse berre er ein brøkdel av det vi finn i dei økologiske. Det er nemleg slik at altfor mange næringsstoff forsvinn i prosessane med sprøyting, kunstgjødsling og overflatehandsaming. Det sunne som blir igjen er forsvinnande smått, sluttar Kvalvågnes.
Kinsolog Eli Kvalvågnes vil framover halde månadlege grasrotmøte om betre helse, der ho vil ta for seg ulike tema frå gang til gang.